Magnus og Aida på NKUL

Magnus%20og%20Aida

Magnus Vie Pettersen og Aida Saracevic frå Hafstad vidaregåande skule presenterte i går prosjektet Det komplette nettbrettet på NKUL (Nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring). Dei delte røynsler til om lag 200 frammøtte.

Kva seier elevane etter eit halvt år med nettbrett?

46 elevar har no evaluert den første halvårsperioden med bruk av nettbrett. Dersom nokon av dykk har lyst til å lese tilbakemeldingane frå elevane, så finn de desse her:

http://sdrv.ms/10Ivlt6

Viktige funn:

Mange er no positive til digitale lærebøker, men der er sjølvsagt nokon som ikkje likar dette. Fleirtalet verkar positive. Dette trur eg har samanheng med at det er enklare å lese pdf- og OneNote-utgåver av bøker på eit nettbrett, samanlikna med ein tradisjonell berbar pc. Pdf-lesaren i Windows 8 er veldig god. Og ideen med å importere pdf-en inn i OneNote har vore svært vellukka. Vi jobbar med å få med oss forlaga på dette også for neste skuleår.

Litt tekniske problem har det vore, spesielt med tastatura som vi nytta i byrjinga. Dei tastatura har vi bytta ut, og dei nye tastatura fungerer godt. Eg trur ikkje det har vore meir tekniske problem med nettbretta enn det har vore med dei andre elevpc-ane.

Elevane har vorte utfordra på både fordeler og ulemper med nettbrett kontra berbar pc. På den negative sida påpeikar mange at det blir litt mange komponentar å halde styr på. Dei ynskjer seg ei løysing der tastaturet fysisk kan koplast saman med brettet. Denne løysinga heiter jo hybrid 

Ut i frå våre positive erfaringar med windows8-nettbrett håpar vi at elevane kan få tilbod om ein hybrid-pc med Win8 i neste års elev-pc-ordning. Om vi får med oss forlaga på å teste ut vidare bruk av pdf-utgåver av lærebøkene vert også veldig spennande 

Nasjonalt forum for pedagogisk bruk av Windows 8

Microsoft lanserar no eit eige norsk forum der vi kan stille spørsmål om bruk av Windows 8 og dele erfaringar med bruk av Windows 8 i opplæringa. Dette meiner vi er eit flott tiltak. Vi er sikre på at det er mange lærarar og elevar som har gode eksempel å dele. Her får vi ein felles arena. Lenkja til forumet finn du her

Kjekt at mange vil høyre om prosjektet vårt

Må innrømme at eg ofte tenkjer at vi har ein draumejobb som får jobbe med dette prosjeket. Vi har fått invitasjonar til å forjelje om erfaringane våre på ein del konferansar. Eg føler nesten at vi er på turnè. Her er «turnèlista» vår så langt:

27.09 – IT-forum

13.10:  Atea Community i Bergen. Foredrag saman med Atea i samband med «Det frie valg»

23.10: Presentasjon på fylkeskommunal bibliotekarsamling.

25-26.10: Impulskonferansen (Ålesund)

01.11-02.11: Alt på ett brett (Sandefjord)

03-04.12: IT-forum, Skule

Storslagen Kick Off

To stolte rektorar. Gro Fivelsdal (t.v) og Grethe Øren (t.h).

Det vart ein fantastisk flott dag i Dale på onsdag. Hendinga vart omtalt både på Nrk radio, Firda, skulane sine heimesider og på heimesida til fylkeskommunen.

Her er lenkjer til nokre av omtalane:

Nrk radio (live – morgonsending) Nrk radio (ettermidagssending),  Nrk.sfj.no,  Sogn og Fjordane fylkeskommune,  Dale vgs, Hafstad vgs, Firda (e-avis)

Trykk her for å sjå fleire bilete.

Då er det tid for Kick Off

I morgon, onsdag 12. september, får vi storfint besøk besøk til Sunnfjord.  Representantar frå bl.a Microsoft, Samsung, Atea, Cappelen Damm, Gyldendal, Aschehoug, NDLA, Enivest og Sparebanken Sogn og Fjordane tar turen til Dale i Fjaler for å hjelpe oss å sparke i gang prosjektet. Dette blir ein kjempespennande dag. Vi vil sjølvsagt blogge meir om dette i etterkant.

Program for dagen finn du her

Pressemelding

Endelig – Elevane får sin Samsung Slate 7

Onsdag 5. september vert heretter offisiell flaggdag ved Hafstad og Dale vgs. No kan vi endeleg dele ut bretta til elevane våre. Det er litt av ein pakke dei får. Brettet (Slate) er eigentleg ein fullverdig pc i seg sjølv. I tillegg får elevane dockingstasjon, digital penn, bluetooth-tastatur og beskyttelsesmappe. Office-pakken vert også delt ut seinare i veka. Gode rutinar for merking av enkeltkomponentar er veldig viktig.