14.03.12 – Innovatørane i ekstase

Dei siste vekene har vore prega av ein einaste lang opptur. Det har tikka inn gladmeldingar nærast dagleg. Det viser seg at alle verksemdene vi hadde kontakta ynskjer å vere med på prosjektet. Dette betyr no at Microsoft, Samsung, Gyldendal, Atea, Enivest, UE, Sparebanken Sogn og Fjordane og Sunnfjord Energi vil bidra på ulike måtar. Sunnfjord Energi har i tillegg invitert med seg Elis, Fjordane IT og Mediebruket. Vi skal saman forme eit innovativt og framtidsretta prosjekt med fokus på bruk av ny teknologi og programvare. Vi er alle samde om at å invistere i opplæring og ungdom er svært viktig. Vi tek med andre ord samfunnsrolla vår på alvor.

I tillegg til at vi hadde 100% utteljing på interesseførespurnadane våre, har vi etablert kontakt med fleire naturlege samarbeidspartnerar. Eva Brattvold, kjent frå m.a Microsoft, Tv2-skole og firmaet Digital kompetanse, vert nok ein viktig rådgivar framover. På læremiddelsida er det naturleg at NDLA vert trekte inn, og på administrasjonssida må vi ha med oss representantar frå leiinga i fylkesadministrasjonen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s