18.03.12 – Det er no arbeidet byrjar

Positive tilbakemeldingar frå samarbeidspartnerar gir ein fantastisk motivasjon til å yte litt ekstra innsats i samband med dette prosjektet. Det er no på tide med del 2, nemleg sjølve gjennomføringa. Prosjektet kjem til å bli relativt omfattande og vi blir mange involverte. Vi har laga ei førebels liste over samarbeidspartnerar og kontaktpersonar. Denne lista finn du som eiga fane i bloggen, ved sida av “Heim”-fana.

Dette er og skal bli eit “glad-prosjekt” som truleg vil få ein del omtale i media. Vi må derfor vere veldig grundige i den vidare planlegginga. Ingen av oss ynskjer negativ omtale i media, og vi må derfor spele på lag for å unngå dette.

Ein del av samarbeidspartnerane har tilbydd seg å gå inn med midlar i form av gåver og utlån av utstyr. Dette er vi fantastisk glade for. Vi må sikre oss om at skulane tek i mot desse midlane på korrekt juridisk grunnlag. Vi vil rådføre oss med juristane på fylkeskommunen korleis dette kan gjerast riktig. Det hadde vore veldig nyttig dersom nokon av dykk som samarbeidspartnerar hadde erfaringar med denne typen samarbeidsprosjekt og kan gi oss nokre gode råd her.

Innovatørkollega Tor Egil og eg har koordinert det meste av arbeidet med prosjektet fram til no. Framover må vi få til ei litt meir formell organisering av arbeidet. Vi foreslår at det må setjast ned ei styringsgruppe som arbeider vidare med planane. Vi håpar at vi kan få til ei breitt samansatt gruppe slik at vi kan dra vekslar på kvarandre sine kompetanseområde. Det er fint om de nyttar kommentarfeltet nedanfor til gi tilbakemelding på planane våre om vidare framdrift. (Sidan de alle førebels har felles brukarnamn og passord, er det fint om de tek med namn og firmanamn i innlegga dykkar)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s