Møte med avisa Firda og lokale samarbeidspartnerar

Tysdag inviterte vi representantar frå Firda, Enivest, Sparebanken Sogn og Fjordane og Sunnfjord Energi til eit lunsj-møte på Hafstad vgs. I tillegg til innovatørane deltok også representant frå Opplæringsavdelinga, Sture Førre, samt dei to rektorane ved Dale og Hafstad vgs. Etter ein ivrig, men kanskje litt for lang? presentasjon av prosjektet, fikk vi vår første gåvesjekk frå Sparebanken. Dette er ei stor hending for oss.

Vi er strålande glade for å få oppleve verdien av å ha ein innovativ og samfunnsengasjert bank i lokalsamfunnet. Stor takk til Sparebanken Sogn og Fjordane. På biletet ser du i tillegg til Terje og Tor Egil, Gunn Aase Moldestad, som er marknadssjef i Sparebanken. Foto: Bent Are Iversen (Firda)

«Nybrotsarbeid er både tidkrevjande og kostbart. For å lukkast trengs det ein god idé, dyktige og engasjerte deltakarar  og ei felles forståing av kva ein vil oppnå. Dette prosjektet har alle desse elementa i seg, fortel Gunn Aase Moldestad, marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane.

På den eine sida ser vi det som viktig å kunne bidra til å forsterke og vidareutvikle den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane, slik at den også framover kan hevde seg med dei beste resultata i landet.  For det andre: Sparebanken Sogn og Fjordane er ei stor kunnskaps- og teknologibedrift i ein bransje der mykje av konkurransekrafta ligg i å vere oppdatert og ta i bruk ny teknologi for å møte forventningane og krava frå kundane våre. Det er derfor spennande å få vere tett på eit slikt prosjekt for å tidleg få overført kunnskap om  utviklinga av denne løysinga. Windows 8 er truleg den største revolusjonen i PC marknaden på mange år, avsluttar ho».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s