Monthly Archives: september 2012

Storslagen Kick Off

To stolte rektorar. Gro Fivelsdal (t.v) og Grethe Øren (t.h).

Det vart ein fantastisk flott dag i Dale på onsdag. Hendinga vart omtalt både på Nrk radio, Firda, skulane sine heimesider og på heimesida til fylkeskommunen.

Her er lenkjer til nokre av omtalane:

Nrk radio (live – morgonsending) Nrk radio (ettermidagssending),  Nrk.sfj.no,  Sogn og Fjordane fylkeskommune,  Dale vgs, Hafstad vgs, Firda (e-avis)

Trykk her for å sjå fleire bilete.

Då er det tid for Kick Off

I morgon, onsdag 12. september, får vi storfint besøk besøk til Sunnfjord.  Representantar frå bl.a Microsoft, Samsung, Atea, Cappelen Damm, Gyldendal, Aschehoug, NDLA, Enivest og Sparebanken Sogn og Fjordane tar turen til Dale i Fjaler for å hjelpe oss å sparke i gang prosjektet. Dette blir ein kjempespennande dag. Vi vil sjølvsagt blogge meir om dette i etterkant.

Program for dagen finn du her

Pressemelding

Endelig – Elevane får sin Samsung Slate 7

Onsdag 5. september vert heretter offisiell flaggdag ved Hafstad og Dale vgs. No kan vi endeleg dele ut bretta til elevane våre. Det er litt av ein pakke dei får. Brettet (Slate) er eigentleg ein fullverdig pc i seg sjølv. I tillegg får elevane dockingstasjon, digital penn, bluetooth-tastatur og beskyttelsesmappe. Office-pakken vert også delt ut seinare i veka. Gode rutinar for merking av enkeltkomponentar er veldig viktig.

Workshop – Windows 8

 

Image

Endeleg utgåve av Windows 8 vert lansert 26. oktober. Med god hjelp frå IKT-avdelinga har vi likevel klart å få tak i den endelege utgåva. For å sikre ein best mogeleg installasjon reinnstallerer vi alle dei 55 bretta frå grunnen av. Nye drivarar og oppdatering av bios vert også ordna. Stor takk til Dag Ove (t.v) og Conrad (t.h) for god og kyndig hjelp. Kjell Ragnar, Paula, Espen, Alf-Tore og Tor Egil må også få ros for iherdig innsats denne dagen.